Dei kallar meg berre Hugo

Dei kallar meg berre Hugo
Kategorier: Bøker, Økologisk mat
260 NOK 299 NOK
Kjøp nå

Den natta hadde eg eit frykteleg mareritt. Eg drømte om Ringaren Quasimodo som sprang rundt oppe i kyrkjetårnet, krylrygga og krokbeint med stort, rufsete hår. I dei fryktelege spadehendene sine bar han Esmeralda som var heilt sanselaus. Rett før eg vakna, stod han øvst oppe i tårnet og såg redselsslegen utover kyrkjeplassen som låg ein stad langt, langt der nede, det var svimlande høgt å sjå ned. Opp imot han frå alle kantar storma sigøynarar og kongens menn og fremst av alle den grufulle Claude Frollo. Eg vakna vettskremt i det augeblikket da Quasimodo med Esmeralda i armane hoppa ut frå tårnet… Kva har den 11 år gamle Hugo vori utsett for som får slike fæle mareritt? Dette er historia om det ulaglege namnet Hugo har fått, og om korleis han og vennen hans, Ramn, vart dei bitraste fiendar. Rakel Helmsdal, f. 1966 bur på Færøyane, Dei kallar meg berre Hugo er den første av fire bøker om ungguten Hugo. Ho har og skrive ei novellesamling for vaksne, og fire bøker i serien om lille mons