I globaliseringas tidsalder skjer det ei oppbløming av regional- og minoritetsspråk. Språket blir sett på ikkje berre som eit kommunikasjonsmiddel, men like mykje som identitetsskapar og beint fram som ein menneskerett. Gjennom ulike språk kjem det til syne forskjellige syn på verda som det kan vera nyttig å få innblikk i. Med utgangspunkt i fleire språksamfunn i alle verdsdelar diskuterer forfattarane mellom anna problem som oppstår når ein skal velja skriftnorm. Skal ein gå inn for ein variant med høg sosial prestisje slik katalanarane har gjort det i Spania eller skal ein ha toleranse for dialektmangfaldet, slik ein har valt for nynorsken sin del? Boka er ikkje minst verdifull fordi ho set den norske språksituasjonen inn i den globale språkmosaikken som dei to forfattarane presenterer for oss. Johannes Nymark (fødd 1949) er førsteamanuensis i spansk ved Noregs Handelshøgskole (NHH). Mellom spesialområda hans er sosiolingvistikk. Nymark har skrive fleire bøker og ei stor mengd artikl