Den nynorske songskatten er historia om femten songar, frå «Blåmann» og «Mellom bakkar og berg» til «Å Vestland, Vestland» og «Det lyser i stille grender». Songane spenner over ein periode på sytti år (1860 1931), og dei fleste høyrer til «standardrepertoaret» av nynorske songar. Song- og musikkinteresserte lekfolk og fagfolk over heile landet vil ha glede og interesse av Den nynorske songskatten. Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har redigert og gjeve ut ei rekkje bøker innanfor emna språk, litteratur, bibliografi, lokalhistorie og musikk. Aarset er aktiv musikar og arrangerer musikk, særleg for kor. Kåra til årets nynorskbok i 2009 av Dag og Tid sine lesarar.