Brageprisen for barne- og ungdomsbøker 2021Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2021Eg ser han for meg no: Det snør så vidt, han dreg ei hand gjennom det svarte håret. I det same gløttar han opp på meg, smiler fort, før han løftar ein liten ryggsekk ut av bagasjerommet. Har han reist så lett, må han vere ein av oss.Eit anna blikk er ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Her bur atten afghanske gutar, derimellom Anwar, som elskar bøker og språk og blir kalla Professoren. Ein dag flyttar Walid inn på rommet hans. Walid er Anwars rake motsetning, ein sjarmerande opprørar og glimrande fotballspelar.Gradvis oppstår eit vennskap mellom Anwar og Walid. Men kvardagen på mottaket er hard, framtida uviss: Kven av dei - om nokon - vil få lov til å bli i Noreg?