Om det lille livet i den store verdaEin februarmorgon, mens det enno er mørkt, klyv ein høgreist mann frå distriktet nordvest for Bergen inn i ein Volvo V70 og køyrer til Flesland flyplass der han går om bord i eit formiddagsfly til Manchester.På same fly, eit par seteradar bak, sit ei kvinne på same alder, rundt femti, fødd og oppvaksen i Bergen sør. Samtlege ti folkeregistrerte adresser ho til ulike tider i livet sitt har kalla heim, har alle, i luftlinje, befunne seg innanfor ein radius av fem kilometer.Begge har ein forblåst engelsk vestkystby som destinasjon. Men under dei drivande skyene er det noko som skurrar, og snart finn dei to nordmennene ut kvifor den søvnige badebyen blir omtalt som djevelens strand.Forskjellen på blomster og ugras er ei fortelling om det lille livet i den store verda, om mudderbankar og olje, og om menneskeskjebnar som kryssar kvarandre lik fuglar i flukt.Anmelderne mener: “Finurlig komponert, perspektivrikt og mangefasettert om kryssende stier og s