Breitt utval tekstar frå sentral gjendiktar.Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjortstrålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid og har motteke fleireprisar.Gjendiktingar inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sidaav hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift ogplater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte. Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin, islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til tekstar til klassisk musikk og kjende popsongar.Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot pågamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar.Gjendiktingar er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive ett