Humoristen og kulturarbeidaren Odd Njøs kjem med ny bok i haust. Han har på nytt vore rundt i sognebygdene på jakt etter den gode historia og replikken. Dette vert altså ein oppfølgjar av salssuksessane De’kje nøye om du lyge litt… og … berre praten gaor. - også denne gongen illustrert av Janne Nes. Odd påstår sjølv at han skriv bøker for dei som ikkje les bøker, så her skulle mange ha noko å gleda seg til.