I teneste for nynorsken

Om lenkene våre
Noen lenker på siden er annonselenker. Hvis du kjøper noe via dem, kan vi få en liten provisjon fra butikken, uten ekstra kostnad for deg. Priser og lagerstatus kommer fra butikkene og kan endre seg.
I teneste for nynorsken
Kategorier: Bøker, Økologisk mat
271 NOK 340 NOK
Kjøp nå

Professor i nordisk språkvitskap Olaf Almenningen fylte 70 år 29. januar 2017. Dei siste 30 åra av yrkeslivet har han arbeidd som språkforskar og leksikograf, og mykje av tida har vore vigd arbeidet med Norsk Ordbok. Ved sida av leksikografiske emne har Almenningen også publisert bøker og artiklar om mellom anna nyare språkhistorie, målrørsle og nynorsk. Heidersskriftet inneheld 20 artiklar skrivne til Almenningen av kollegaer og vener som takk for innsatsen gjennom mange år. Det har vore eit mål at tekstene skal spegle hovudinteressene hans gjennom heile vaksenlivet, ikkje berre det akademiske livet som vanleg er med denne typen heidersskrift. Ved sida av fagartiklane, som ikkje berre tek opp tema innanfor leksikografi, språkhistorie og målrørsle, men òg språkhaldningar, språkpolitikk og namn, finst det også tekster som beskriv .Almenningen som privatperson og interessene hans ut over språkvitskapen. I tillegg til artiklane inneheld heidersskriftet ei biografisk innleiing av redaktøra