Første bok i ny fotballserie! Bli kjend med to unge fotballgudar: Stein og Storm, som speler i FK Rapitas. I denne boka blir dei vikla inn i ein kvass strid med deira største rivallag: Stutane. Det blir kamp om meisterskapen - men også om mykje meir! Då eit par gutar frå Stutane stel ballen til Storm, gjer Rapitas-spelarane ei overraskande oppdaging. Og med oppdaginga følgjer det uventa problem. Greier Stein og Storm å konsentrere seg om fotballspelet? Og vil Stein lykkast i å vinne hjartet til Femke, eller vil han aldri kunne bli noko anna enn vennen til veslebroren hennar? Gerard van Gemert (f. 1964) er ein nederlandsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. Han har alltid vore lidenskapeleg oppteken av fotball, og då han var liten drøymde han om å bli fotballproff. Det blei han ikkje, men engasjementet for fotball tek han med seg inn i dei spennande bøkene om fotballgudane. Omsett av Anne Lande Peters Les også: Farleg spel Utfinting