Klimatrusselen. Krise for demokratiet? tar for seg dagens klimakamp. Aktivistar går til meir eller mindre populistisk «krig» mot klimapolitikken. Dei vil ha raske og dramatiske kutt i utsleppa. Aukande polarisering truer demokratiet. Denne boka er eit forsvar for dei demokratiske prosessane i klimakampen. Jon Naustdalslid, fødd i 1945 i Naustdal i Sunnfjord, er statsvitar og fagbokforfattar. Han har bak seg ei lang yrkeskarriere frå høgskulesystemet og den samfunnsvitskaplege instituttsektoren, mellom anna som mangeårig leiar for Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). Han har publisert ei rekke artiklar og bøker om samfunnsstyring, klima og miljø.