Klippfisk

Klippfisk
Kategorier: Tilbehør, Olje
390 NOK 449 NOK
Kjøp nå

Klippfisk blir ei bok for den frie og sjølvstendige kjøkkenarbeidaren, som trivst med å bruke skjøn og gjere eigne vurderingar i matlaginga. Boka inneheld oppskrifter etter gammalt mønster, slik mange kokebøker var den gong kvinnene var autoritetar på kjøkkenet. Denne kokeboka har bearbeidd portugisiske oppskrifter frå ein original som har lege gøymd sidan hundreårsskiftet. Innhaldet viste seg å løyne eit mest endelaust smaksrike, med få ingrediensar: klippfisk, olje, smør, poteter, urter og krydder. Men oppskriftene er meir enn vegen til god mat. Dei er små forteljingar som speglar spor etter handelsvegar, interesser, konflikter og verdiskaping. Bakom oppskriftene ligg spørsmål om innovasjon og kunnskap som gjorde eksporteventyret muleg. Det er del av den maritime historia vår. I motsetning til andre kokebøker har ikkje denne fotografi av ferdige, styla rettar. Vi trur at lesaren kan skape sine eigne indre illustrasjonar, og utforme rettane etter eige skjøn. I staden har vi lagt vekt