Sogn og Fjordane er eit annleisfylke, blir det gjerne sagt. Her veks folketalet seinare enn i andre fylke. Byane er få og små. Men levekåra er betre og tryggare her enn andre stader. Soga om Sogn og Fjordane spør korleis det har vorte slik. Verket tek for seg utviklinga i landskap og bygder som kvar for seg har ei langt eldre historie enn fylket, men set også historia om området i samband med utviklinga utanfor. Band 4 syner korleis Sogn og Fjordane fekk del i utviklinga av det norske velstands- og velferdssamfunnet i tida etter andre verdskrigen, mellom anna gjennom ei storstilt kraftutbygging. Forfattaromtale: Hege Roll-Hansen (f. 1967) var tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane då ho skreiv boka. Ho har tidlegare skrive fleire oppdragshistoriske bøker