Kristian Hus - rosendeling, husnesing, typograf, journalist, disponent, radiostemme, ankermann, skribent, friidrettsutøvar. Ein som har runda 80 år og sett Kvinnherad veksa, bygt opp ei lokalavis, vore med å oppfostra to barn, budd på Svalbard, laga lokalradio og -fjernsyn, vore soldat i Midt-Austen, gjeve ut bøker og reist mykje. Han som stoppar og seier hei. Han som kjenner alle. I denne boka kan du lesa om Kristian sin barndom, oppvekst og ungdomstid, frå leik i Skålafjæro til læretida i Haugesund. Vidare fortel han om militærtenesta, jobben i Grenda og etablering av trykkeriverksemd og seinare avis på Husnes. Han er innom Svalbard og nærradio i Sunnhordland før han utforskar andre medium og engasjerer seg i eldrepolitikken i Kvinnherad. Kristian ser tilbake og reflekterer over det han har vore gjennom, både motbør og siger. Men boka omhandlar også små og større hendingar i lokalmiljøet elles, ting som har forma samfunnet opp gjennom åra. Raset i Mauranger, ubåtjakta i sunnhordlands