Tredje bok i Per Helge Genbergs lysande livsforteljing frå Levanger. Etter to sterke, såre bøker om utanforskapen i eigen barndom og ungdom går Genberg no vidare til jobb-delen av tilværet. Med røynsle frå over 30 år som byråkrat avslører han i stutte, skarpe bilete ineffektiviteten og blendverket i offentleg forvalting. For å finna dei djupe verdiane må han ut or kontoret og inn i dei tre kjærleikane: til Gud, til mannen sin og til sauene. Og ingen skriv om sauer som Per Helge Genberg.