Olav Dalgard

Olav Dalgard
Kategorier: Bøker, Økologisk mat
348 NOK 400 NOK
Kjøp nå

Olav Dalgard (1898?1980) var ein av dei mest aktive kulturarbeidarane Noreg har hatt, ein markant pioner innan film og teater. Han var ein sentral aktør i norsk kultur- og åndsliv i over 50 år, også som litterat, målmann og humanetikar. Med ei halv stilling som dramaturg på Det Norske Teatret gjennom femti år fekk han høve til å røre seg fritt mellom institusjonar og kunstartar. Han var aktiv i sosialistiske Mot Dag, laga ni filmar, sat på Grini og i Sachsenhausen under krigen, var kritikar i fleire aviser, skreiv fleire bøker og kjempa fram teatervitskap som universitetsfag og ein offentleg teaterskule. Biografien om Olav Dalgard er blitt ein kulturhistorisk gjennomgang av frontar, rørsler og institusjonar i det 20. hundreåret.