Dette er eit øvingshefte i ordlistebruk for deg som går på mellomsteget. Det inneheld oppgåver som dekkjer ulike område: alfabetkunnskap som du treng for å bruke alle slags oppslagsverk, anten det er leksikon eller ordlister kjennskap til korleis ordlister er laga. Veit du det, vil det gå raskare å finne svaret på det du lurer på kjennskap til kva opplysningar ei ordliste gir, t.d. korleis ord vert bøygde forslag til kva synonym du kan bruke, og korleis du kan variere språket ditt ordkunnskap. Ingen veit kva alle ord tyder, så det er godt å få litt hjelp opplysningar om rettskriving, altså korleis orda vert skrivne I tillegg til øvingsheftet kan du finne fleire oppgåver på www.fagbokforlaget.no/ordrett. Lykke til med arbeidet! Lars Anders Kulbrandstad, Olav Veka og Bjarne Øygarden har lang røynsle frå skole og lærarutdanning og har gitt ut ordlister og lære– bøker for fleire skoleslag. Dei har bakgrunn frå normeringsarbeid i Norsk språkråd.