På slike dagarPå slike dagar tenkjer vi på bål og eit mørkt regn.På ei røykstrime på himmelen og eit fly som passerer.På den grå søvnen som lukkar horisonten.På lyden av klirrande tomflasker i ein plastpose.På slike dagar har trafikklysa si blinking ei hemmeleg meining.På slike dagar ser ein lenge på vekslepengane og snakkar lite.Finn Øglænd (f. 1957) debuterte i 1983, og han har sidan gitt ut ei lang rekkje bøker i fleire sjangrar; poesi, romanar, skodespel, barne- og ungdomsbøker, i tillegg til gjendiktingar frå mellom anna fransk og engelsk