Skatten i Skutevika

Skatten i Skutevika
Kategorier: Bøker, Økologisk mat
199 NOK
Kjøp nå

Ein dag då han er ute og snorklar, finn Martin nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Tilhøyrer myntane ein skatt frå den gamle hollandske skuta som forliste her for lenge sidan? Eller er det tjuvegods etter innbrotet på eit museum i Stavanger? Dei fire vennene Martin, Anders, Steinar og Anna får nok å stri med når dei skal oppklare denne gåta. Skatten i Skutevika er ein spenningsroman for dei frå 10 år. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Det kvite pulveret. Les også Fangar i natta. Om forfattaren Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.