Saman med ein spennande og interaktiv nettstad er denne boka eit læreverk i programfaget sosiologi og sosialantropologi i utdanningsprogram for studiespesialisering i den vidaregåande skolen. Boka dekkjer alle dei hovud- og kompetansemåla som er oppgitt i læreplanen. Sentralt i boka står samfunnsvitskaplege tenkjemåtar. Ho tek for seg det vi veit innanfor ulike kunnskapsområde, og ho forklarer korleis vi veit det vi veit. Forfattarane prøver å bruke den erfaringsverda elevane sjølv har, når sosiologiske og sosialantropologiske problemstillingar skal introduserast og ny kunnskap byggjast opp. Slik ønskjer dei at den informasjonen elevane har om samfunnet, blir til kunnskap om samfunnet. Geir Berge er lektor på Laksevåg videregående skole med faga historie, spansk og samfunnsfag. Han har vore med på å utvikle digitale læremiddel og skrive bøker og artiklar innanfor samfunnsfag, kultur og historie. I tillegg underviser han i samfunnsfagdidaktikk på SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen