«Jeg er glad for å kunne føle den samme kjærligheten til trøndelåna som forfatterne, Fortidsminneforeningen og forlaget - og bokas framtidige lesere. Vi er mange som vil verne om låna som hus, hjem og kultur, arv og identitet», skriv stortingsrepresentant Elin Agdestein i forordet til boka. Boka om Trønderlåna kom ut i 2005. Det har vore eit sakn at ho lenge har vore utseld. Når trøndelagsfylka no går saman, tok Fortidsminneforeningen initiativ til å få gitt ut boka på nytt for å markere felles kultur og historie. Teksten er oppdatert og nesten alt biletmaterialet er nytt. Måten stoffet er vinkla på er også nytt. Trønderlåna er mykje meir enn eit våningshus, ho er ein del av midtnorsk kultur og identitet. Kolbein Dahle er etnolog med byggeskikk og landbruk som særlege interessefelt. Sidan han slutta som fylkeskonservator i Nord-Trøndelag, har han arbeidd som forfattar og fotograf og har produsert fleire bøker. Han har vore aktiv i Fortidsminneforeningen i nesten 50 år. Eir Grytli er ar