Fanga på fjorden

Fanga på fjorden
Kategorier: Bøker, Økologisk mat
173 NOK 199 NOK
Kjøp nå

Klodeklubben er tilbake. På båttur oppdagar Klodeklubben ulovleg fiske av hummar i ei vik. Kven tjuvfiskar hummar i sjøen? Og er det ikkje noko mystisk med den nye sjefen på Fiskeriet i bygda? Fanga på fjorden er tredje bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn i alderen 6-9 år, skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar. Dei to første bøkene i serien, Dei svarte svanene og Hytta som forsvann, kom ut våren 2020. Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar. Je