I sivil er ei forteljing om å vekse saman i kjærleik og frå kvarandre i sjukdom. Gjennom dikt, kortprosa og fotografi tematiserer Amalie Smith tap og identitet. Tekstane vender seg til ein kjærast som blir ramma av kreft, og undersøkjer fellesskapen og intimiteten som gradvis smuldrar opp. Den essayistiske tonen og dei teoretiske omgrepa speler suverent saman med meir lyriske parti. I sivil er ei vakker bok både i språk, komposisjon og layout. Frå dansk ved Siw-Anita Kirketeig. Amalie Smith (f. 1985) har utgitt seks bøker sidan ho fullførte Forfatterskolen i Danmark i 2009. Ho har også bakgrunn frå Det Kongelige Danske Kunstakademi, og mottok i 2015 Kronprinsparrets Stjernedryspris for arbeidet som forfattar og bildekunstnar.