Vår korrupte hovedstad

Vår korrupte hovedstad
Kategorier: Bøker, Økologisk mat
99 NOK
Kjøp nå

Denne boka er eit djupdykk ned i ein ukultur, der maktelite og rikfolk i Oslo tar seg til rette, medan fellesskapen betaler. Som folkevalt har Erling Folkvord fått kjennskap til fleire tilfelle av korrupsjon. Her presenterer han ei rad eksempel, der namngitte politikarar på kommunalt toppnivå har gitt næringsdrivande fordelar på måtar som til tider ligg godt over grensa til det ulovlege. ??Enkelte av dei har berre fått mindre kontraktar på ulovleg vis. Dei som har hatt størst hell i rådhuset, har derimot på få år og heilt ustraffa kunna innkassere det fleirdobbelte av utbyttet etter NOKAS-ranet. Erling Folkvord (f.1949) er bystyremedlem i Oslo for Rødt. Miljøarbeidar i Rusmiddeletaten. Har utgitt ca eit dusin bøker. Skreiv i 1990 den første norske boka om korrupsjon i offentleg sektor: .Rapport frå rottereiret Korrupsjon i Norge.. Samlaget 1990.