
Prisen kommer fra butikken og kan endre seg. Sjekk pris, størrelse og levering hos butikken før du bestiller.
Fjerde bok i serien om Barcelona-gjengen! Bøker som tek fotball alvorleg og set spelet i sentrum Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymd att av sitt eige fotballag! Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona? Matias Maradona er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 3.
Prisen er hentet fra butikken og kan ha endret seg. Sjekk pris og levering hos butikken før du kjøper.






