
Prisen kommer fra butikken og kan endre seg. Sjekk pris, størrelse og levering hos butikken før du bestiller.
Multimodale tekstar er vår tids kommunikasjonsform. Ulike medium som aviser, tv og bøker har lenge utnytta det meiningspotensialet som ligg i å kombinere verbalspråk, lyd og bilete på ulike måtar. I den nye læreplanen for grunnskolen og vidaregåande opplæring, Kunnskapsløftet, vert multimodale tekstar kalla samansette tekstar. Arbeid med slike samansette tekstar har fått eit forsterka fokus i denne planen. Boka knyter generell kunnskap om multimodalitet til det konkrete arbeidet i klasserommet. Det didaktiske perspektivet er tydeleg gjennom drøfting av aktuelle teksteksempel og forslag til korleis ein kan arbeide med multimodale tekstar i grunnskole og vidaregåande opplæring. Anne Løvland er førsteamanuensis ved Høgskolen i Agder. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap med ei avhandlinga om samansette elevtekstar.
Prisen er hentet fra butikken og kan ha endret seg. Sjekk pris og levering hos butikken før du kjøper.







